SPANSK – NORSK HANDELSKAMMER
VELKOMEN
Spansk – Norsk Handelskammer er ein privat ideel forretning. Det grunnleggjande formålet er å ivareta dei kommersielle, økonomiske og kulturelle forholda mellom Noreg og Spania, slik som å tilby støtte til våre medlemmer.
Det vert arrangert ulike aktivitetar for våre medlemmer med fokus på å styrkja relasjonane våre medlemmer seg imellom, og mellom dei og personar av interesse for deira bedrift.
Me arrangerer m.a. forretningslunsjer med jamne mellomrom for våre medlemmer. Formålet er å samle medlemmer og framtredande representantar frå aktuelle industrielle, kommersielle, politiske, sosiale og kulturelle nettverk som kammeret har frå begge land. På den måten vert det skapt eit aktivt og uformelt fora, kor deltakarane har mogelegheit til å oppretta kontakt direkte med representantar frå sektoren eller utvalte krinsar frå kammeret.
Historia
Historia til handelskammeret starta i 1934, då det vart stifta i Noreg, ”Spansk – Norsk Handelskammer”. 27 år seinare vart Spansk – Norsk Handelskammer oppretta i Spania, i 1961.
Handelskammeret sine aktivitetar blir finansiert gjennom den årlege avgifta som medlemmene betalar. Medlemmene er i hovudsak spanske og norske bedrifter, organisasjonar og privatpersonar med lik interesse i Spania- Noreg.
|