Oss

Det Spansk Norske Handelskammeret er ein privat og uavhengig organisasjon, utan animo de lucro. Det grunnleggjande formålet er å ivareta dei kommersielle, økonomiske og kulturelle forholda mellom Noreg og Spania, slik som å tilby støtte til våre medlemmer.

Vi arrangerer bl.a. forretningslunch med jamne mellomrom for våre medlemmer. Formålet er å samle medlemmer og framtredande representantar frå aktuelle industrielle, kommersielle, politiske, sosiale og kulturelle nettverk som kammeret har frå begge land. På denne måten vert det skapt eit aktivt og uformelt fora, kor deltakarane har mogelegheit til å oppretta kontakt direkte med representantar frå sektoren eller utvalte krinsar frå kammeret.

Historia til handelskammeret starta i 1934, då det vart oppretta i Noreg, ”Spansk–Norsk Handelskammer”. 27 år seinare vart Spansk–Norsk Handelskammer oppretta i Spania, i 1961.

Handelskammeret sine aktivitetar blir finansiert gjennom den årlege avgifta som medlemmene betalar. Medlemmene er i hovudsak spanske og norske bedrifter, organisasjonar og einmannsføretak med lik interesse i Spania- Noreg.