• Español
  • Norsk Nynorsk

Handelskammeret tilbyr assistanse til medlemmene sine ved å gje dei informasjon om andre medlemmer, bedrifter og kontaktar som me har relasjonar med. Samtidig er me og hjelpsame med relevant informasjon relatert til handel mellom Spania og Noreg.

Informasjon


Medlemmene mottek månadleg informasjon om alt frå politikk, kulturelle hendingar og informasjon om ulike arrangement som kjem ut i eit magasin som blir distribuert via e-post. Dette magasinet blir publisert av ”Team Norway” som består av Den Norske Ambassade, Innovasjon Norge, Spansk – Norsk Handelskammer og Eksportutvalet for fisk.

Nettverksbygging

Gjennom sine aktivitetar held Handelskammeret sterk fokus på å byggja relasjonar mellom medlemmer og framtredande representantar i forretningsverda og innan politikk, så vel i Spania som i Noreg.

Den direkte kontakten med interessentane i Spania – Noreg og det tette samarbeidet med vel representerte organisasjonar og institusjonar frå begge land, gjer at handelskammeret framstår/ er ein organisasjon og ein nyttig møtestad for våre medlemmer. Medlemmene i handelskammeret uttrykkjer å vera tilfreds ved å vera medlem og dra nytte av å kunna møta andre medlemmer for å diskutera forretningar.

Forum

Handelskammeret inviterer framtredande personar frå forretningsverda og personar frå politikken i Spania og Noreg til å delta på utstillingar og i forum for diskusjonar. Her deler foredragshaldaren sine erfaringar med deltakarane og dei tema som blir tatt opp er dagsaktuelle tema frå ein sektor.

Forretningsmuligheiter

Ei av dei viktigaste oppgåvene til handelskammeret er å informera medlemmene om kontaktar i samband med kommersiell, sosial og kulturell utveksling mellom dei to landa, med det formål å kunna hjelpa til med å opna for samarbeid og mogelegheiter for forretningar.

Arrangement

Handelskammeret stiller som vertskap ved ulike presentasjonar for medlemmene sine for at dei skal bli betre kjent, for å høyra om nyheiter eller for å fremja kontaktar.

Notis frå pressa

På vår websida vert det lagt ut notisar frå medlemmer som omhandlar handelskammeret, den aktuelle bedrifta eller som kan være interessant eller ha relevans for andre medlemmer.